Vox populi

april 9th, 2006

LYRIKKHJØRNET – 9. APRIL – RAGNVALD SKREDE

av    Lagret under: dikt, lyrikk, lyrikkhjørnet, skrede          

Livet er en endeløs rekke med valg. En som har satt ord på dette er Ragnvald Skrede i diktet:

Veljar

Du er ein veljar
med valrett fra Adams tid.
Kor ofte valde du rett?
Kor ofte gjekk du forbi?
Strøydd bak deg ligg hamane
av feilvalde ja eller nei;
dei rette blir liv av ditt liv
og syner deg lei.
Vel Gud, vel kvinne, dine barns mor!
Vel vener og livsmål, vel gjerning og ord!
Vel høgt eller lågt,
varmt eller kaldt!
Men la ingen lure innpå deg
Noko du ikkje har valt!

Og gløym aldri når du vrakar
at no gjer du eit val,
no stengjer du kan hende ei dør
til ein skinande sal!
Ver vaken og vaksen
ver ufødd, ver barn!

La ikkje Vrengja fange deg
i sitt lumske garn!
Gløym aldri aldri:
Når du lever, så vel du!
I di siste stund
tel du og vel du.

Mer om Ragnvald Skrede

Gårsdagens Lyrikkhjørnet
           

 

 

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

januar 28th, 2006

LYRIKKHJØRNET – LØRDAG 28. JANUAR

av    Lagret under: dikt, lyrikk, lyrikkhjørnet, skrede          

I dag vil jeg ta frem et dikt av Ragnvald Skrede som kanskje kan være noe å tenke på for oss bloggere. NB: Tegnsettingen eller mangel på sådan er forfatterens valg.

VEIT DU KVA DU SEIER?

Når du talar skriv
nikkar blunkar smiler
eller på annan måte
gjev uttrykk for det du meiner
(eller ikkje meiner)
Når du lyg talar sant
i det heile talar om noko
så er det om deg sjølv du vitnar

Sanninga har kuleform
og kvar mann fylgjer med augo
sin personlege høgst private radius
inn til sentrum
Seier du noko anna
enn det du verkeleg ser
er det andres vitneprov du låner

Alt du sier om noko
ut frå din eigen synsvinkel
er sanning berre for deg
og dermed ligg det i din dom
kven du er
Kva du vel å seia
og tonen du seier det i
kva du teier med
og måten du teier på
-alt er vitnemål om deg
og ikkje om sanninga

Når ein hund gøyr imot månen
kan du sjå eller høyre
korleis hunden er
men om månen veit du
det same som før.

Vil du vite mer om Ragnvald Skrede, klikk her

Gikk du glipp av gårsdagens Lyrikkhjørnet, klikk her

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00